Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forskarar i bakevja

Forskarar tilsett i offentleg sektor ligg lågt i den nasjonale lønsfordelinga for utdanna arbeidskraft. Skilnaden mellom dei statstilsette forskarane og andre offentleg tilsette er ikkje så stor, medan høgt utdanna i privat sektor har eit klart høgare lønsnivå. Gjennomsnittet for tilsette i privat sektor ligg mellom 25 og 30 prosent høgare enn snittet for tilsette i staten. Dette syner ein nyleg offentleggjord rapport frå Institutt for samfunnsforskning (ISF). Lønsgapet kan få konsekvensar for kven som søkjer seg til ei forskarkarriere, fryktar forskar ved ISF, Marianne Røed:– Dersom ein vil at dei som er fagleg best kvalifiserte skal ynskje seg ei forskarkarriere, kan det vere eit problem om desse kan få ei mykje høgare løn i andre jobbar, seier Røed til Klassekampen.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?