Med dødsangst i blikket balanserer oslubuarar på isglaserte fortau, livredde for å mista fotfestet og like livredde for lange, skumle istappar som kan komma heilt uventa ovanfrå. Hovudstadspressa renn over av kor forferdeleg dette er, som om det var ein naturkatastrofe ingen kunne ana før den var der. I den grad slike situasjonar kan føra til at det faktisk blir eit offentleg ansvar å sørga for å strøing av fortaua, støttar vi heilt opp om all medieomtale. Men om vi ser bort frå at det faktisk er muleg å ta eit kommunalt ansvar for dei glatte fortaua, og at det til no ikkje har blitt gjort, er det grunn til å undrast over kor sjokkert det er muleg å bli over at det blir vinter ein eller fleire gonger i løpet av perioden desember til mars – kvart år. Totalt historielause har oslobuarane gløymt alt om snøen som fall i fjor, for ikkje å snakka om alle dei andre åra med manglande snørydding og derav følgjande trafikk-kaos og brotne bein dei første snødagane. Og kvart år kjem altså snøen og vinterføret som eit like stort sjokk. Er vi heldige, kan vi få ein mildversperiode med snø- og isfrie gater og fortau, og eit nytt snøfall. Og vi kan bli like sjokkerte og hjelpelause enda ein gong før våren kjem.