Asgeir Bell svarar 28.januar på innlegget mitt av 13. januar med tittelen «Klassekampen – eit einevelde ». I svaret sitt bekreftar han at Klassekampen er eit einevelde, der redaktøren har all makt, og der verken styret eller generalforsamlinga kan vedta noko som helst som legg føringar på avisa si politiske linje eller geografiske og klassemessige prioritering av stoff. Som grunngiving for at det må så vere, viser han til redaktørplakaten. Eg kan ikkje finne noko her som er til hinder for at avisa sitt styre og generalforsamling gir uttrykk for kva for hovudretning dei ønsker at avisa skal utvikle seg i, for eksempel gjennom å sette som målsetting ei betre dekking av distrikta eller styrking av stoff frå bestemte felt. Dette er noko anna enn å «overprøve prioriteringer i den løpende driften av avisa», som Bell skriv. Bell kjem med ei viktig innrømming i svaret sitt: «Jeg kan med en gang si; mange av de saker Svein Lund brenner for, vil han finne stor sympati for i Klassekampens stab, styre, eiere og avisas venner.» Det er eg fullstendig klar over, og det er derfor eg held fram å mase på dette sjølv om det kan virke som å stange hovudet i veggen. Det er nemlig ein sentral person som ikkje har vist nokon sympati for dei sakene eg har tatt opp, avisa sin eineveldige redaktør. Da hjelper det lite at styret og dei største eigarane «toer sine hender» og uttrykker sympati, men at dei dessverre ingen ting kan gjøre. Staben har vel trulig munnkorg, som tilsette i mange andre bedrifter, når det gjeld å uttale seg om kva bedriftsleiinga gjør. I eit innlegg som eg sendte Klassekampen, 15. oktober 2002, men som ikkje blei tatt inn, skreiv eg blant anna: «Den dagen eg skriv dette overtar Bjørgulv Braanen som ansvarlig redaktør i Klassekampen. Da han blei tilsett for nokre månadar sidan, kom han med ei programerklæring. Da uttalte han at det var ein del spørsmål Klassekampen enno ikkje dekka godt nok, blant dei distrikta. Han sa ingen ting om kva han hadde tenkt å gjøre for å betre distriktsdekkinga. I dei siste månadane har Braanen hatt godt høve til å vise i kva retning han ønsker å utvikle avisa. Til no har det ikkje vore noko teikn å sjå til planen for styrking av distriktsprofilen… Eg vil stille eit par spørsmål til redaktør Braanen, og eg vonar han vil svare på det her i avisa. Hovudspørsmålet er ganske enkelt: Du ønsker ei betre distriktsdekking. Kva for konkrete tiltak vil du gjøre for å oppnå dette?»Det har gått over 15 månadar sidan da, redaktøren har ikkje svara og distriktsdekkinga har ikkje blitt betre. Forslaga frå distriktsaksjelaget er ikkje bare avvist på formelt grunnlag, dei er og politisk avvist i praksis gjennom at ein ikkje har følgt opp nokon av dei. Avisa si innretting på eit «kulturradikalt» akademisk miljø med sentrum i hovudstaden har knapt nokon gong vore sterkare enn under noverande redaktør.