Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Feit eller ikkje

  • Verdis helseorganisasjon åtvarar. Feite ungdomar er ikkje noko dei fyrst og fremst strir med i Sambandsstatane. Helseskadeleg feite hjå ungdom er på veg inn i delar av Europa og andre høgt uppdrivne samfunn. Ei nyleg gjenomførd gransking av 30.000 ungdomar i alderen 13 til 15 år i femtan ulike land syner korleis stoda er i dag. Sambandsstatane har framleis dei fleste. Av 15 år gamle gjentor er 31 prosent noko for tunge og 15 prosent feite. For gutar på same alder er tali 28 prosent og 14 prosent. Denne vesle skilnaden på gjentor og gutar går ogso att hjå jamgamle litauiske ungdomar som finn seg sjølve i den andre enden av lista. I Litauen er 8 prosent av gjentone for tunge og 2 prosent beint fram feite, og hjå gutane 5 prosent og 0,8 prosent. I granskingi heitest det at årsakene til at litauisk ungdom held seg best er færre utsal av snøggmat og mindre med pengar åt sukkersnop enn i dei hine landi. Frå Europa er det Hellas og Portugal som pustar Sambandsstatane tyngst i nakkjen. Granskingi har elles gjenge fyre seg i Austerrike, Tsjekkia, Danmark, Belgia, Frankrike, Finland, Tyskland, Irland, Slovenia, Sverike og Israel. Snøggmat og snop millom måli bryt upp gamle helsuge matvanar, og i lag med ein stendig meir makeleg levemåte kan livreimene verta lenger enn det som godt er. Tidi vil vise um Litauen kan halde seg frå å slå inn på den vegen. Den grannvaksne ungdomen i Litauen har på ingen måte synt uvilje mot suvl i den daglege kosten, men lagt dugeleg i seg av heimlege rettar som til dømes cepelinai, potetklubb med kjøt-fyll, eller spirgai, som er salta svinefeitt. Den siste matretten, spirgai, vert kalla salo når ein kjem til Ukraina. Ei ukrainsk ferdahandbok gjev ei nøgnare skildring av denne retten: «Dei vil ha smellfeit slaktegris for å få godt med salo. Krydd vert gnidd inn og skal ha gode stunder til å setja smak. Feittet vert ete i tunne skivor på myrkt brød med salt og kvitlauk og svelgd ned med iskald vodka. Serleg er røykt salo svært umtykt.» Vonleg er ungdomane ved ei sovori bordsete nokre år eldre vortne enn 13 til 15 år.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen