Etter vanleg arbeidstid sist fredag møtte fire sivilkledde politimenn opp hos den armenske familien Mekertjan på Vestlandsheimen asylmottak i Bergen. Oppdraget var å få uttransportert familien neste dag, flybillettane var klare. Tilfeldige samantreff gjorde at det lykkast å få kontakt med både familien sin advokat og Terje Sjeggestad, direktør i Utlendingsnemnda, og etter ei rekkje oppklarande telefonsamtalar fekk politifolka kontrabeskjed frå Sjeggestad. Avgjerande var at ein viktig psykolograpport ikkje hadde blitt med i vurderinga av situasjonen for firebarnsfamilien som har vore på flukt i elleve år, dei siste fire åra i Noreg. Familien kunne pusta letta ut, men heile hendinga var sjølvsagt eit alvorleg sjokk for dei alle.