Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Norsk mål- og meiningungdom

Den 10. januar 2004 skreiv Klassekampen side opp og side ned om Norsk målungdom; om juks, fanteri og om ein intern organisasjonskultur som minst av alt likna(r?) ein tenkjeboks. Visstnok. Men meir enn det: For å auke under haldingsverdien (rett skrive!) nyttar avisa høvet til å setje namngjevne personar i gapestokken medan hundane ikring gøyr som slike gjerne gjer. I mitt stille indre har eg venta i spaning på framhaldet: Vil verstingane som no har blitt stukke av journalistikken bukke, neie og ta sjølvkritikk, takk? Og minst like viktig: Liker dei pult ost? Hoppar dei også på eitt bein medan dei pusser tennene? Vonleg vil Klassekampen grave vidare, og formidle alt av interesse til ålmenta. Eg trur likevel vi kan nærme oss ein nøttekjerne ved å seie det slik: Kampanjejournalistikk er sikkert gøyhipt å halde på med, men stundom – som her – hjelper det at opplaget er lågt. Samstundes er det vel rett og rimeleg at bakmål vert skrive på bokmål. Berre utstyrt med kvit stokk og på bakkenivå er det likevel vanskeleg å få innsikt og oversikt. Det er såleis låge odds på utfallet at Klassekampens lesarar har blitt vesentleg klokare på NMU som fenomen etter den 10. januar. Fordi: Kvifor finst ein slik organisasjon i det heile? Kva kan forklare ideell, ungdommeleg innsats for utbreiing av den nynorske skriftkoden på 80- og 90-talet? Kva for analysar, meiningar og prinsipp konkurrerte med kvarandre innanfor denne fliken av norsk ålmente, og kvifor? Repetert tungetale om sekterismens attraksjonskraft og – øh – grimme leiarar kan knappast dekkje eller gjere greie for dette på noko fullgodt vis, sjølv om det kanskje er nærliggjande for Klassekampen å «tenkje» i slike baner. Den raude tråden, som sjølv komiske Ali hadde kunna nausta opp på ein laber dag, liknar meir på denne: NMU var/er eit mothegemonisk prosjekt. I samfunnets dødvinkel, men i pakt med djupe konfliktliner i det norske politisk-kulturelle landskapet, sytte NMU for eit bittelite rom, for ikkje å seie pustehol, som opna for avvikande samtalar, ordskifte og læring i vid tyding. Hanekam og punk er meir treffande karakteristikkar av denne meiningsutvekslinga og -produksjonen enn hanemarsj og pop. Mykje og mangt var sikkert skrift i vatn og hole ekko, men i røynda kokte NMU ned til eit tilbod på meiningsmarknaden som det både var og er ein viss nyfiken og intellektuell etterspurnad etter. Mogelegvis skilde NMU seg frå mainstream og malstraum ved at organisasjonen trekte til seg ein bortimot usannsynleg variert liten skare av både vakne og tidleg vaksne individ. Eit personleg-sekterisk vitnemål: Mangelen på pappskallar var derimot med respekt å melde jamt over kronisk. Når alt kjem til alt, som til dømes den 10. januar, slår det meg at dette ikkje gjeld i same grad innanfor journalineppesistestikken. Gamalt nytt, det her. Det er lenge sidan ein krummelur nynorskfantastiskar opplyste om at avis nok er det motsette av vis.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?