Når SV auker Oslos inntekter
I ei tid da nyliberalistisk politikk er på offensiven er det viktig å diskutere korleis vi kan få til ein motoffensiv mot den rådande blårusstenkjinga som har grodd fast i mange rådhus. SVs gruppeleiar i Oslo bystyre, Kari Pahle skriv i Klassekampen 8. januar at «SV på sin side er opptatt av å bruke de muligheter Oslo selv har til å øke sine inntekter». Det høyrest fornuftig, men «å øke sine inntekter» er eit klassespørsmål. Kven skal betale? Stortinget, som gir kapitalistane store skattefritak, har gitt kommunane nesten frie hender til å finne på nye særskattar på kommunal tenesteyting som folk flest har bruk for. SV har gått inn for å auke Oslos inntekter på ein slik måte at personar med funksjonshemming og dei som treng trygghetsalarm må betale særskatt. Det er nesten berre fantasien som stiller opp grenser for kva det går an å innføre «egenandel» på. Dei generelle sidene ved Pahles argumentasjon vil eg kome tilbake til i eit anna innlegg.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent