Galvaynes fore
- Etter ei lang sjøreise frå Australia steig han i land i England eingong like fyre år 1900. Sjåeleg kar vart. Vidbremma lågpulla hatt på sneid, langt velstelt krulla munnskjegg, stuttklypt kinnskjegg, og i bringa blenkte ein liten hestesko i gull mot kvitt skjurtety. Galopptrenaren Sidney Galvayne kom til England for å vera med der hestane sprang um dei største prispengane. Og i England skreiv han boki «Hestetanngarden» («Horse Dentition») um koss alderen på ein hest kan avgjerast etter tennene. Millom ei mengd tannmerkje som finst i hestekjaften til ulik tid i livslaupet, skildra Galvayne nøgje ei fore som på mange hestar kjem til synes ved tannkjøtet på dei ytre framtennene i ovankjaften når hesten er 10 år gamal. På nye ti år veks fora i lag med tonni heilt ut, då er hesten 20 år, og på endå ti år vert ho atter burte dersom hesten når å verta 30 år gamal. Dei hestane er det rett nok ikkje mange av. Men ikkje alle hestar fær denne fora i det heile teke, og hjå sume er ho utydeleg. Difor lyt dette tannmerkjet stødt brukast i lag med andre merkje. Fagbøker talar um «Galvaynes fore», men det vilde vera utenkjeleg um eit so berrsynt aldersmerkje inkje fyrr var åtgått i det lange hopehavet millom hest og menneskje. Den framifrå polske bilætkunstnaren Juliusz Kossak har til dømes i ein akvarell frå 1868, lengje fyre Galvayne gjekk i land i England, måla inn ei byrjande tiårsfore. Hesten gapar etter teven. Tennene synest. Det går yver stokk og stein med hest og mann og hundar, «Par force-jakt med blodhundar». Høgadelege forfina kvinnor og menner til hest og med hunden ved sida, offiserar i brikjande uniformer høgt til hest, slagbilæte, dette er hovudmotiv for Kossak. Men nemnde bilæte viser at han heller inkje kvidde seg for å gå utanum denne motivkrinsen. Hesten som kjem imot oss er berre ein fotrapp brukshest. Den berrhovda mannen uppå held tyglane i eine handi, hi handi strekt ut for å halde jamvekti og held pelsluva, snjø og vinter, pelskufte, grove lærstøvlar, øyrering i sylv, magre blodhundar, sidebeini ter, hundeaugo brenn i blodgir. Dette er venteleg ein lågadelsmann kanhende langt aust i det som i dag er Ukraina og Kviterussland, men som i si tid tilhøyrde det polsk-litauiske samveldet. Kva han jaktar på? Truleg ulv. Bøndene hans har bore seg ille yver ulveplaga. Par force-jakt er å jaga villdyret utan våpen til det inkje vinn meir og kan takast. Ei langpipa byrse skjek seg likevel fram og attende på ryggen hans, men tykkjest ikkje vera til bruk i det ville floget. Bøndene har elles ikkje noko dei skulde ha sagt. Han eig bøndene. I Polen-Litauen var det den talrike adelen som rådde og med eit fåtal høgadelege i brodden. Kongemakti vart stendigt veikare og veikare mot adelen. Dei eineveldige grannelandi Preussen, Austerrike og Russland visste å spela dei rike adelsættene ut mot kvarandre. Til slutt kunde dei ta for seg av Samveldet. Og då den polsk-litauiske adelen endeleg såg skrifti på veggen, delte grannane like so godt det som var att, og det var i 1795. Augo i det vêrbarka andletet stirer stivt frametter. Det er eit karsleg og romantisk bilæte Kossak har måla, men ikkje søtleg. Statsstyring er ikkje det han tenkjer mest på, – derimot hestar, det har han og adelsbrørne hans vet på, dei og Juliusz Kossak.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn