** Hovudlaget er viktugaste hjelperådi til å styre hesten med anten han vert ridd eller køyrd. I det norske ordet «beksel» ligg det at hovudlaget skal ha munnbet, men det finst ogso betfrie hovudlag som kan vera tenlege for sume hestar og til sumt bruk. Um mange slags hovudlag og munnbet og um rett tilmåting har Landbruksforlaget gjeve ut eit godt brukeleg rettleidingshefte. Serleg sidone med tilmåting av hovudlaget tek tak i slikt som tidt vert rangt eller slurvut gjort av hestefolket. Heftet legg sjølvsagt stor vekt på det vanlege bekslet som vert brukt både til riding og køyring. Når det tek fyre seg ulike stongbet, er det berre slike som vert brukte ved riding, men utan at denne avgrensingi kjem fram i teksti. Stongbet til køyring vert i det heile teke inkje nemnde. Tittelen på heftet femner dimed noko vidare enn sjølve innhaldet. Ein godt tamd hest skil tydeleg millom å gå med og utan hovudlag og selety. «Nakjen» er han eit sjølvstendig livende, påsela er han i ein arbeidsgang og ventar på teikn frå ryttar eller kusk. Under svartedauden kunde Førnesbrunen til og med utan at nokon heldt i taumane koma dragande med siste liket frå Møsstrond til kyrkja i Rauland. Og i ei bilætrad av Theodor Kittelsen um svartedauden finst ei teikning av ei kjering og ein mann som har slokna på hesteryggen. Dei heng der berre. Mannen har sleppt tyglane. Lell fotar hesten seg roleg og trygt fram i den leidi dei har sett han. Utan beksel vilde han ha kasta av seg liki og tråva glad og nøgd åt næraste gode hamnegang. Når desse hestane frå svartedauden er med, ligg det for handi å fortelja um då Halvor Hovdebøle og Eilev Vesleteigen fyrst på 50-talet køyrde inn bygningsvyrkje åt Holmevassbotn for å stelle på jakthytta åt skipsreidar Cramer Hanssen. Dei tok til på fyrejolsvetteren radt isen var trygg på det vide Holmevatnet. Vel inne med siste lasset kom dei på at det var harmeleg å ljote køyre hestane heim og so gå heile vegen attende, mykje lenger enn til dei inste stølane. Difor snudde dei hestane og sette dei åleine på vegen heimtil. Då hadde dei bunde taumane godt upp, og han Eilev hadde brukt timbreblyanten sin og skrivi ein lapp og festa på hyvret åt Blakken at hestane ikkje skulde stanast erso dei var på heimveg. Det var Blakken som skulde gå fyrst, for han var klokast. Svarten hans Halvor skulde gå bak. Og karane var inne i hytta og matstelte seg og drakk kaffi, og då dei kom ut att, såg dei hestane som ein ljos og ein myrk prikk mot snjøen langt ute mot Holmevassosen, og båe hestane kom velberga heim til bygdars. «Det skulde vore morosamt og visst», sa han Eilev seinare, «um dei på eitkort viset gatte noko åt kvarandre nede i bygdi då dei skildest og gjekk kvar til sitt. Blakken åt Vesleteigen og Svarten åt Hovdebøle.» I heftet frå Landbruksforlaget finn me ikkje Blakken og Svarten. Heftet har flust med gode bilæte, men det er upphaveleg engelsk, og for norske lesarar kan bilæti ha ein framand dåm. Det som er verre er at umsetjaren ikkje har makta å skrive eit sjølvstendig norsk. Eit av dei keivelege ordlagi som diverre kjem att gong på gong er «noen mennesker». Det er truleg det engelske «some people» som ligg til grunn. Her hadde det vore mykje likare med «sume hestefolk» eller «nokre ryttarar». Heller ikkje er norsk so fatigt på fagord som umsetjaren trur. Um til dømes «gagtrinse» segjer me på norsk «rennetaumar». Men lat no ikkje desse motleggi stengje vegen for deg når du ser etter kunnskapar um bet og hovudlag. Dei finst i heftet. Carolyn Henderson «Bitt og hodelag»Landbruksforlaget 2003