Dirty Pretty Things (Storbritannia, 2003)Regi: Stephen Frears Manus: Steven Knight Foto: Chris Menges Musikk: Nathan Larson Med: Chiwetel Ejiofor, Audrey Tautou, Sergi Lopez, Sophie Okonedo, Benedict Wong, Zlatko Buric1 t. 34 min. Med «Dirty Pretty Things» har den britiske regissøren Stephen Frears vendt tilbake til utgangspunktet for sin filmkarriere: den ufaglærte, multikulturelle arbeidarklassen og filleproletariatet i London. Det byrja på midten av 1980-talet med filmatiseringa av Hanif Kureishis «En våt drøm», tilrettelegginga av Joe Ortons memoarar «I gode og onde dager», og «Sammy og Rosie elsker og bedrar». Frears' filmar frå Tatchers England var røffe. Dei krinsa like mykje om kulturmøte- og konfliktar, rasisme, kvit høgreekstremisme, rus og arbeidsløyse som tradisjonell britisk sosialrealisme, men historiene hadde ingen moralsk fasit. Karakterane var samansette: småsnuskete typar med naive framtidsdraumar og kjærleiksbehov. Alle sider vart skildra med same sjølvsagte tone, av komande skodespelarstjerner som Daniel Day-Lewis og Gary Oldman. Filmane strålte av gatesmart humor og ei trassig, ungdommeleg livsglede, som gjorde at ein forventa mykje av Frears.