Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den liberale dumskap

Hagtvet manglar begrep om oppgjeret med den norske nystalinismen, noko som set sitt preg på hans eige oppgjer med stalinismen-maoismen – 15-20 etter at slaget sto.

I min kommentar i Klassekampen 25. oktober viste eg til samanhengen mellom makt, fridom og rettar i spissformuleringa om at fordeling av fridom og rettar er ein verknad av fordeling av makt. I Klassekampen 31. oktober reiser Bernt Hagtvet følgjande spørsmål: «Kan det i det hele tenkes at 'fordeling av fridom og rettar' som er 'ein verknad av fordeling av makt', kan skje uten demokratiske institusjoner nedfelt i forfatningar: institusjoner som frie valg, pluralistisk partisystem, uavhengig rettssystem, ånds- og ytringsfrihet, samt forsamlingsfrihet»?Av måten Hagtvet stiller spørsmålet på forstår eg det slik at vi er samde om at fordeling av fridom og rettar faktisk er ein verknad av fordeling av makt. For dei institusjonane og forfatningane han viser til, er jo posisjonar for utøving av makt som skal sikre at desse fridomane og menneskerettane blir realisert. Motspørsmålet som er innebygd i min kritikk av liberalismen, er då: Korleis har dei demokratiske institusjonane med sine forfatningar i det heile oppstått? Ein kan ikkje forklare dei ved å vise til dei som uomgjengelege prinsipp – like lite som ein kan lære seg å symje ved å vise til symjingas prinsipp. Ein må faktisk gå ut i vatnet først.