Ein ny språkstrid - tabloid i forma - synest vere på veg. Treng alle nordmenn lære sidemål i skulen? Spørsmålet er ikkje nytt. Gong etter gong har det vorte reist tvil om ungane skal slite med begge dei skriftlege målformene i kongeriket. Kan hende treng dei ikkje to språk for å overleve, men som det har vorte sagt: Menneska lever ikkje av brød åleine. Ungane og eg skriv bokmål og talar Oslo-mål. Likevel freistar eg i dag å skrive nynorsk når eg no kjem med i ordskiftet som nett har teke til. Eg hadde ikkje lese nynorsk i det heile eller høyrt dialektar som likna skriftmålet då eg byrja i ungdomsskulen og vart «tvinga» til å lese og lære sidemålet mitt. Men eg likte dei nye orda. Frå før tykte eg om å lese og skrive og no fekk eg ei rad nye ord og seiemåtar. Eg såg ikkje på det som to skilde språk. Mangfaldet i norsk vart tydelegare, språket mitt var jo rikt og flott! Seinare såg eg at ei sak ofte kunne seiast meir direkte på nynorsk. Ein slapp dei lange setningane og teksten vart meir kraftfull. Eg tykte det var eit gildt språk som forma seg i medvitet. Det tykkjer eg enno, sjølv om eg framleis skriv bokmål og talar slik vi gjer i Oslo. Men somme tider treng eg verkeleg nynorsk og ikkje berre når eg les bøker skrivne på målet. Nytte har eg hatt av det til å uttrykkje kjensler og til å få ei betre forståing av mitt eige kvardagsspråk - kva orda i det eigentleg tyder. Ungane og eg går mykje i skogen. Men somme langturar er berre for dei vaksne. På ein slik tur for mange år sia kom vi inn på ein særskilt vakker skogsveg langt nord i Nordmarka. Blomar og jordbær voks attmed vegen og oppi lia stod ein elg og kikka på oss. Vel heime dikta eg om vegen. Eg har ikkje for vane å skrive dikt og berre eit einaste har eg skrive på nynorsk. Kvifor veit eg ikkje, men denne vegen lét seg berre dikte på nynorsk. «Enno finst det vakre vegar» skreiv eg og la teksten djupt ned i skrivebordskuffen. Eg var oppteken av natur og miljø. «Menneska byggjer rundt seg ein stadig større apparatkultur,», tenkte eg medan eg gjekk der på vegen, slik Sigmund Kvaløy har skrive det. «Vi må lære ungane våre å sjå gjennom dette samfunnets blanke overflatemangfald.» Godt sagt, men ei ugrei oppgåve når dei skrik for å få sjå alle reklamane på TV3.Seinare har eg opplevd korleis nynorsken gjer bokmålet meir gjennomsiktig for meg. Det hender jo at vi menneske filosoferer over livet og oss sjølve. Kva er vi for vesen? Kan hende kan språket seie oss noko. På bokmål har eg bevissthet, på nynorsk medvit. Sjølv måtte eg jamføre bevissthet med medvit og med det svenske medvetande før eg tykte eg fekk meir tak på tydinga av ordet. Aristoteles definerte menneske som dyr med logos. Vi er dyr, men skil oss frå andre dyr av di vi har logos, som mellom anna tyder tale og tanke. Medvit og medvetande - kan hende er menneske det dyret som veit? Eller som Aristoteles seier det: «Mennesket ønskjer frå naturen si side å vite». De får sjøl filosofere vidare. Skal ein forstå bevissthet må ein til tysk. Ein må sjå at det i midten ein stad ligg eit ord som tyder vite: wissen. Men Bewusstsein har vorte bevissthet. Ein sjeleting kan hende? Eg tykkjer meir om å vite med. Tru om ikkje bevissthet skjuler innhaldet sitt meir for nordmenn flest enn det medvit og medvetande gjer. Og namnet på fedrelandet Noreg. Eg veit ikkje, men eg har alltid trudd at ein v har ramla ut her, at det eingong har vore norveg - vegen nordover? Norge kan ikkje gje meg slike idear. Kan hende er det feil, men nynorsk er moro lell. Og svært vakkert. Vonbroten til dømes - eit framifrå ord. Kjensla er presist til stades i språket. Og høyr klangen. Skuffet toler verkeleg ikkje konkurransen. Takksam er eg for at eg fekk kjennskap til nynorsk i skulen. Aristoteles seier det slik: Lær dei unge å kjenne glede ved dei rette ting.