«Som» nok ein gong
Det som gav støyten til debatten om ordet «som», var ein tekst i Målteigen 21. juni der Rolf Theil mellom anna klaga over studentar med «mange vrange tankar» når han ville lære dei at «som» i relativsetningar slett ikkje er noko relativt pronomen, men ein subjunksjon. I eit innlegg 21. juli tok eg til motmæle, forsvara studentane og hevda at «som» i relativsetningar nett er eit relativt pronomen. I ein artikkel 2. september gjekk Theil til motåtak, og Knut Johansen følgde opp med innlegg 1. og 2. oktober. Dei er samde om at «som» (til dømes i boka som ligg på bordet) ikkje er eit relativt pronomen, men ein subjunksjon. Dei samanliknar med ordet «at», og Theil hevdar at «Som har eigenskapar sams med subjunksjonane, ikkje med pronomena».
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn