Mystic River (USA 2003)Regi: Clint Eastwood Manus: Brian Helgeland etter ei bok av Dennis LehaneMusikk: Clint EastwoodFoto: Tom SternMed: Sean Penn, Tim Robbins, Kevin Bacon, Laurence Fishburne, Marcia Gay Harden, Laura Linney2 t. 17 min. Om ein ser vekk frå einskildståande kjærleiksarbeid som jazzfilmen «Bird», har Clint Eastwood som regissør hovudsakleg arbeidd innanfor to sjangrar; western og kriminalthriller. Innanfor den fyrste, nådde han eit slutt- og høgdepunkt med den sjangerkritiske «Nådeløse menn». Med «Mystic River» har han produsert ein kriminalfilm som liknar denne – i si mørke, urovekkjande moralske gransking.