Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva meiner RV eigentleg?

Internasjonalt ansvarleg i RV, Lars Akerhaug, har i Klassekampen tysdag 7. oktober ein kronikk der han er uklår på eit par viktige punkt. Eg synest det er viktig å få klårleik om kva RV eigentleg meiner om den noverande krisa i Palestina, og nyttar difor høvet til å stilla eit par spørsmål.1. Akerhaug skriv: «Ofte snakker venner av Israel om at araberne, eller palestinerne vil 'ødelegge staten Israel'. Dette er en falsk påstand, som har liten rot i virkeligheten.»No presiserer sionistar ofte kva dei meiner med å «øydeleggja staten Israel». Mange sionistar synest allereide at det er alt for mange ikkje-jødar i Israel, og refererer til israelske palestinarar som «skadedyr» og liknande. Dette er også grunnen til at Israel ikkje eingong er viljug til å tinga om FN-resolusjonen om dei palestinske flyktningane sin rett til å venda heim: Ei tilbakevending vil føra til at det israelske samfunnet blir «forureina» og mistar sin «jødiske karakter». Mitt spørsmål blir: Meiner Akerhaug at kravet om ein eksklusiv, etnisk rein jødisk stat i Palestina er tilstrekkeleg legitimt til å setja til side folkeretten og menneskerettane? Er Akerhaug samd i at handheving av menneskerettane og folkeretten vil innebera slutten på Israel som eksklusiv og etnisk rein jødisk stat?2. Akerhaug skriv: «Israel og det israelske folket har rett til å leve og eksistere.» Utsegna meiner eg tilslører kva slags type stat Israel er. Meiner Akerhaug at Israel er ein jødisk stat for jødiske borgarar – eller ein stat for alle borgarane? På kva måte kan ein stat som ikkje eingong tillet det ikkje-jødiske mindretalet å gifta seg med jødar vera ein stat for alle innbyggjarane?3. Er RV mot ei løysing der ein skipar ein stat med like borgarrettar for alle i heile det historiske Palestina?

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen