Partilister er Big Business
- Tidleg på 1990-talet vart det sagt mykje om det å veksle politisk makt om til eigedom. I prosessen med å byggje oppatt kapitalismen i Russland, vart embetsmenn «eigarar av fabrikkar, aviser og skip», akkurat som Marshaks «Mister Twister». Nomenklaturaen gjorde sitt beste for å sjå ut som borgarskapet. Men på eit eller anna tidspunkt reverserte prosessen. Når alt kjem til alt, må eigedom verjast om, og det beste verje er politisk makt. Ved slutten av Jeltsin-tida sloss nyslåtte forretningsmenn og oligarkar om å sikre seg toppjobbar i statsapparatet. Til å byrje med tillet den politiske makta dei få å ta eigedom frå folket og dele han opp mellom seg sjølve. No når mange menneske har mista det vesle dei hadde av personleg eigedom, er ein ny prosess under vegs: Omfordeling. Medan nokre freistar å få tak i eigedomar og andre freistar å forsvare dei, er ei tredje gruppering oppteken med å skilje dei to første, ved å minne dei om behovet for å dele. Ikkje noko av dette ville ha fungert utan statsmakt. Ein kan meine det ein vil om skiljet mellom politikk og forretning, men i praksis er skiljet alltid uskarpt. Russland er på ingen måte ulikt noko anna land i så måte. Aksjeselskap og politikarar nyt begge godt av å ta vare på førestillinga om at dei har ingenting til felles. Elles ville dei ha vore plaga med vanskelege spørsmål om korleis det selskapet fekk den feite kontrakten med myndigheitene, og kven sine interesserer byråkratane eigentleg tener.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn