Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Krigen sett frå bu-bilen

  • Håvard Rem har redigert ein antologi med 100 krigsdikt for Cappelen. Han har lese fleire tusen krigsdikt, mellom andre dei norske krigsdikta frå tida før og under andre verdskrigen. Og lesnaden har rysta Rem. Rem seier han er sjokkert over å oppdage at norske lyrikarar tagde om folkemordet på jødane. Han kritiserer den norske krigslyrikken for å vere nasjonal – det er fleire dikt om 17. mai enn om Krystallnatta – og han vel difor å setje såkalla motstandsdikt og nazidikt side om side i antologien. For som han seier til Dag og Tid: «Motstandsdikta er like nasjonale og utdaterte som nazidikta. Difor står dei side om side i boka mi».For dei som enno ikkje er overtydde legg Rem til at han ikkje finn store formelle eller politiske skilnader mellom nazidikta og motstandsdikta: «Dei er ulike innanfor likskapsramma, men retorikken er den same, det vil seie 'land' og 'folk', poetikken er også den same, det vil seie kling-klang-rim, og ikkje minst: både nazipoetane og motstandspoetane vel å oversjå antisemittisme og etnisk forfølging. Den djupaste skilnaden er at nazipoetane støtta Tyskland medan motstandspoetane støtta England», utdjuper Rem overfor Dag og Tid. Resonnementet til Rem inneheld så mange kortslutningar, at det er ufatteleg at det har kunna passere sikringsboksen i Cappelen. For det fyrste er det vel neppe rett at norske lyrikarar tagde om jødeforfølgingane. Frå skulen hugsar vi Nordahl Griegs dikt om niggeren Owens, som tyskarane aldri nådde att, medan dei nådde att jødiske kvinner og menn i gatene. Arnulf Øverlands «Du må ikke sove» har klår adresse. Gunvor Hofmo skreiv sterke dikt om temaet – som Rem rett nok nemner som eit unnatak, men straks feiar vekk ved å vise til at Hofmo var så ung på denne tida. Og Sigurd Hoel heldt foredrag på studentersamfunnet i 1936 om ei fersk augevitneskildring frå Dachau. Det finst sikkert mange fleire døme, men det er ikkje poenget.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?