Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Wolfowitz og olja

I kronikken «Hans Blix og krigen mot Irak» i Klassekampen 26. august skriv Grethe Haldorsen om Hans Blix: «Og her er han på kollisjonskurs med selveste strategen bak Irak-krigen, viseforsvarsminister Paul Wolfowitz, som klart og tydelig har konstatert at de store oljeressursene i landet var grunnen til at USA valgte å gå til krig mot Irak».Dette er ei usanning som diverre har fått bein å gå på avdi mange ynskjer å tru at Wolfowitz har sagt dette. Bakgrunnen er eit oppslag i The Guardian som avisa sjølv har korrigert og orsaka (sjå http://www.guardian.co.uk/corrections/story/0,3604,971436,00.html).Det Wolfowitz sa, var at USA ikkje kunne bruka økonomiske pressmiddel mot Irak på same måte som mot Nord-Korea avdi Irak har rike oljeressursar. Difor måtte ein ty til krig.