Sin eigen katt

Vi er så kjekkeat smilen storknar til glasurVi er så trugne at maskene er grodde fastVi er så tapreat hendene kring verjet klakarVi er så prektigeat vi tidleg står på soklarVi er så klokeat vi ikkje leverskriv Arnljot Eggen i diktet «Skikk og bruk», noko vi i Klassekampen ikkje har. For på onsdag kom ho, boka, på Samlaget, femmila til han Eggen: «Lengdesnitt. Dikt, aforismar og viser». Og kvifor gjorde ho det? Kvifor gjorde ho det? Jau, det veit vi, no veit vi det, for nett på onsdag vart poeten 80 år. Og vi i Klassekampen, vi skreiv ingenting. Ingenting om denne mannen som er ein bauta for så mange venstreradikale. Ingenting om denne mannen som så mange er så inderleg glade i. Ingenting om denne mannen som var den fyrste skikkelege forfattaren den unge Olav H. Hauge fekk møte. Og ingenting om denne mannen som førte til at telefonane ikkje stod stille i Klassekampen på onsdag etter vi altså skreiv ingenting om 80-årsdagen til han sjølvaste Arnljot Eggen. Og kvifor skreiv vi ikkje noko? Fordi det er i dag vi skal skrive om Arnljot Eggen, fordi det er i dag det er 80-årsfest i Ålen Samfunnshus. Slik er lagnaden, «Lagnad sa vi» til dei som ringte og spurte kvifor vi ikkje skreiv.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen