– Folk trur det er fælt å jobba med kreft, men eg tykkjer det er ei stor fagleg og menneskeleg glede. Eg kjenner meg nok først og fremst som lege, og deretter som sjef, seier Frøydis Langmark. Ho må vera ein draum for alle likestillingsombod. Ikkje berre er ho kvinne i det som tidlegare var ei svært mannsdominert yrkesgruppe. Legen Langmark er også direktør. Ho er sjef for Kreftregisteret, ei verksemd med over 110 tilsette. Der jobbar alt frå medisinarar, statistikarar og it-folk for å laga det som er eitt av verdas mest avanserte og pålitelege register over krefttilfelle.