Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det vanskelege folket

** «De radikale, de kulturelle og de politisk korrekte sår den jorda som Hagen høster», skriv Aslak Sira Myhre i artikkelen «Hagens folk» i siste nummer av tidsskriftet «Arr». Venstresida er prega av ei kulturradikal fråstandtaking til folket, skriv Sira Myhre.

Harde ord, men det er vanskeleg å vera usamd. Då hundre kulturfolk før valet i 1999 på oppmoding frå Dagbladet stod fram og fortalde kvifor dei ikkje røysta Frp, fungerte dette berre som bensin på det populistiske Frp-bålet. Delar av det norske folket gjorde ein omvendt Drillo, som i 1994 såg kven som var for EU og røysta nei: Dei tok ein kik på kven som var mot folket, og røysta på den einaste som var for det: Carl Ivar Hagen.

Men kva er alternativet til kulturpaternalisme og småborgarleg folkeforakt?

«Tvangsproletarisering er jeg selvsagt mot. Men det kan være liten tvil om at AKP-erne var villige til å ta konsekvensen av det de sto for. Det var en vilje til å komme folket i møte» uttalar Sira Myhre til Klassekampen på laurdag. Som forresten er son av den sjølvproletariserte Kværner-tillitsvalde Eldar Myhre. Like før jul reiste Myhre den eldre sjølv same ordskifte i Klassekampen. Han uttalte at «En folkelig bevegelse uten folk som liker Cowboy-Laila og Sputnik er helt utenkelig. Kanskje problemet er at så store deler av de radikale ikke liker folket.»

AKPs sjølvproletarisering har blitt møtt med massiv latterleggjering og fordømming i norsk ålmente, truleg mykje urettvist. Eitt av resultata av denne unike episoden i norsk historie er uredde tillitsvalde som Eldar Myhre, Per Østvold og Arne Byrkjeflot. Aslak Sira Myhre har rett i at dei mange radikale som gjekk ut i industrien verkeleg gjorde forpliktande val, dei synte for heile omverda at dei ville endra verda og at dét kanskje ikkje først og fremst skjedde i kantina på Fredrikke.

Men samstundes er det noko grunnleggjande paradoksalt med den vegen Arild Asnes-ane valde. På den eine sida er det sympatisk at fleire tusen ungdommar, kanskje dei beste i sin generasjon, takka nei til universitetssystemet sine privilegium og makthierarki. På den andre sida kan ein sjå proletariseringa som ei symbolsk handling som indirekte fortalde arbeidarklassen, som hadde slete i generasjonar for at ungane deira skulle få tilgang til høgare utdanning og sleppa å øydeleggja ryggen på samlebandet eller ved smelteomnen, at den verda, den er ikkje for oss. Arbeidarklasse bli ved din lest.

Kombinert med ein ideologi om «partiets leiande rolle» og eit mildt sagt uavklårt syn på demokrati kan dette fenomenet sjåast som ein ekstrem form for paternalisme: Folket vart ein mytisk kategori som skulle «tenast», men sosialismen skulle ikkje innebera å la det same folket få røysta fritt i val eller velja sine eigne arbeidarparti.

Det er vanskeleg å sjå at Myhre den yngre kjem med betre løysingar på kva venstresida bør gjera i høve «folket» enn far sin. Som i førre runde ser det heile ut til å enda opp med halvkveda viser om å «bli en del av, og jobbe sammen med folket» som Aslak Sira Myhre skriv. Eller å «like» folket, som Myhre den eldre utrykker det. Aslak Sira Myhre har nok rett i at venstresida treng å diskutera radikalitet, avantgarde og folkefleirtal. Men då kan vi ikkje driva gamaldags reproduksjon av 1970-talistiske dogme om «å lika» eller å «bli del av» folket.

For folket røystar ikkje berre Frp; over tjue prosent av folket seier dei vil røysta SV ved neste val. Over 700.000 av folket arbeider i offentleg sektor. I dag har om lag 22 prosent av folket over 16 år universitets- eller høgskuleutdanning.

Å «elska folket» som Mao og AKP sa, er like meiningslaust som å hata det. Kanskje vi skal starta diskusjonen med å avskaffa omgrepet?

Håkon Kolmannskog