Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Jødisk makt?

Rundt staten Israel finst det ringar av apologetar som er viljuge til å forsvara eller bagatellisera alle israelske brotsverk, og gå god for den rasistiske ideologien staten er bygt på. Torer Odd-Bjørn Fure og Holocausbrendbergtsenteret å retta eit kritisk blikk på dette?

Hans Olav Brendberg er lærar. Litteratur:Israel Shahak: «Open Secrets», Pluto Press 1997J.J.Goldberg: «Jewish Power», Perseus Publishing 1996Paul Findley: «They dare to speak out», Lawerence Hill Books 2003I «Syn og Segn» nummer 1 i år seier den amerikansk-jødiske aktivisten Norman Finkelstein at om vi verkeleg vil læra av nazi-holocaust, må syta for å ikkje ha eit holocaustsenter. Men holocaustsenter har vi fått etter den merkelege lagnaden Stortinget gav Skarpnesutvalet. Det amerikanske «National Memorial Holocaust Museum» i Washington var i si tid eit forsøk frå president Carter på å kjøpa seg støtte i den jødiske lobbyen. Den ideologiske funksjonen til dei mange amerikanske holocaustinstitusjonane er om lag som om ein skulle hatt museum til minne om utryddinga av indianarane i alle større tyske byar. Med andre ord tvilsamt nok i seg sjølv. Men i tillegg er denne ideologiske røykskjermen knytt til eit pågåande brotsverk. Det vil ein sjå om ein brukar peikarane til det norske Holocaustsenteret og vitjar til dømes Simon Wiesenthalsenteret i periodar der israelske apartheidstyresmakter er engasjert i spesielt grove krigsbrotsverk. Det dreier seg om den typen etnosentrisk historieforståing som kan legitimera alle slags brotsverk avdi det dreier seg om å «overleva».For alt snakk om at vi «aldri må gløyma» dreier seg også om å underbyggja ein ideologisk maktposisjon. Ved å skilja ut nazistane sitt folkemord på jødar, og rasisme mot jødar, som unike brotsverk legitimerer ein den typen paranoid og sjølvrettferdig historieforståing som har vakse fram i kjølvatnet av den amerikanske holocaustkultusen, og som til dømes Daniel Goldhagen er eit utmerka døme på. Det dreier seg om ideologi som sikrar ein jamn straum av våpen og pengar til støtte for Israels langsomme folkemord. «Holocaust» dreier seg såleis ikkje berre om historie – men også om makt over samtida. For det er nazistane si jødeutrydding som alltid blir brukt til å stigmatisera alle som reiser spørsmål ved USA si vilkårslause støtte til Israel – og bakgrunnen for denne støtten.