Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Atypiske tsjetsjenske åtak

Den nylege valdsflaumen i Tsjetsjenia kom ikkje overraskande. Tsjetsjenarar i Moskva byrja åtvare for fleire månader sidan at folkeavstemminga som president Vladimir Putin kjempa for ville føre til ei opptrapping av konflikten i regionen. Før valet vart alle som bur i Tsjetsjenia fortalt at dersom folkeavstemminga vart godkjend, ville føderale oppreinskingsoperasjonar ta slutt og myndigheitene ville faktisk byrje å sjå på dei som normale russiske borgarar. Folkeavstemminga gikk føre seg utan alvorlege hendingar. Men at den nye konstitusjonen vart vedteken stoppa ikkje oppreinskingsoperasjonane eller valden mot innbyggjarane i Tsjetsjenia. Alt heldt fram som før, med eitt unnatak: Det tsjetsjenske samfunnet hadde endå ein gong vorte narra og krenkja. Krigarane var meir eller mindre nøydde til å vise si styrke. Aslan Maskhadov har rundt 2000 væpna menn som er i stand til å gjere livet surt for føderale tropper og den regionale administrasjonen. Maskhadov har også omkring 10000 reservar til disposisjon for store operasjonar.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen