Overkøyrd av staten
Medan Forsvarsbygg gjer klart for neste steg i bygginga av det som skal bli Regionfelt Østlandet, er dei folkevalde i Åmot kommune frustrerte over at lover og spelereglar ikkje blir følgde. Eitt av mange stridspunkt er kva grenser som skal gjelda for støyutslepp når det mykje omstridde Regionfelt Østlandet skal takast i bruk, etter planen i 2005. Konsulent Eyjolf Osmundsen i Miljøakustikk AS, ein av dei sakkyndige som har vurdert Forsvarsbygg sin søknad om støyutslepp frå Regionfelt Østlandet, meiner kommunen er blitt fråtatt den lokale styringsretten den skulle ha ut frå plan- og bygningslova. Han peiker på at i slike saker kan to lover stå opp mot kvarandre – plan- og bygningslova, der kommunen har vedtaksretten, og forureiningslova, som blir handheva av Statens Forureiningstilsyn (SFT), som er ein del av statsforvaltinga.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn