Ja, så er det på'n igjen etter Vinmonopolets mai-slipp, som skal ha vore blant tidenes største her i landet. Nesten 70 nye merke berre i basisutvalet, der vi syntes det var meir enn nok frå før. Det betyr aukande forvirring og nye kompleks blant oss som ikkje heng med i svingane. Nok ein gong forsøker vi forgjeves å hugse ekspertråd frå laurdagsavisene, på vår evige jakt etter terningkast 6 til under hundrelappen. Vi har da noko til felles med folk flest. Vi skriv opp lange namn og priser på papirlapper vi omgåande roter bort, og blir også neste gong ståande som ein tosk ved disken: «Vi skulle ha noko god raudvin til ost.» «Jaha, kva slags ost då?» Fanken til spørsmål frå ynglingar med lett medlidande oppsyn.