Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stillfaren dramatikk

Spider (Canada 2002)Regi: David Cronenberg Manus: Patrick McGrath etter sin eigen romanFoto: Peter SuschitzkyMusikk:Howard ShoreMed: Ralph Fiennes, Miranda Richardson, Gabriel Byrne, Lynn Redgrave1t 38 minDen britiskfødde forfattaren Patrick McGrath er ein mann som liker å grava i dei mørkaste krokane av den menneskelege hjernen. Han vaks opp nær det psykiatriske sjukehuset Broadmoor Hospital, der faren var lege, og har sjølv jobba ved liknande institusjonar. Men mest av alt har han omvølt sin kjennskap til og interesse for mentalsjukdom til skjønnlitteratur. Noko som har resultert i bøker som Blood and Water and Other Tales, The Grotesque, Dr. Haggards lidelse og Asyl (dei to siste er, saman med Spider, publisert på norsk). Traumer og fryktSpider er ei subjektiv skildring av tankane, minna og vrangførestillingane til Dennis Cleg, ein mann som har budd storparten av livet sitt på eit sinnssjukehus, og som no skal freista orientera seg ut i verda att frå ein ettervernsheim. Men denne bustaden ligg svært nær barndomsheimen, og når styraren ved heimen, Mrs. Wilkinson, i tillegg har same etternamn som pubhora Yvonne – kvinna Cleg skuldar for å ha myrda mora og øydelagt familien og livet hans – byrjar det å rakna for han att. Gradvis blir han sogen inn i barndomsminna sine, minne som han omstendeleg som ein etterforskar noterer ned i ei hemmeleg notatblokk. Berre dei uforståelege strekane i boka fortel oss at dette kanskje ikkje er heilt pålitelege memoarar. Til slutt er Cleg – eller «Spider» som den høgt elska, døde mora kalla han – heilt tilbake i si eiga forvirra, barnelege tankeverd, som han grunna traumet kring mora sin død aldri heilt har komen ut av. Filmen er ei urovekkjande gransking av Clegs sinn, men stiller ope for tolking kva årsaka til sinnslidingane er, jamvel om tittelen er tungt symbolsk og det blir lagt stor vekt på Clegs sjalu morsbinding og frykt for ein vaksen seksualitet og kjærleik.Stram og nedtona filmSpider er den tredje av bøkene til McGrath som blir filmatisert. Han har sjølv – vellukka – omarbeidd romanen til filmmanus, og regien står den særmerkte canadiske regissøren David Cronenberg for. Også han er kjend for sin interesse for det groteske og for sjukdom, men då i fyrste rekkje for sjukdom som ei form for metamorfose av kroppen og av det menneskelege. Slik ein kan sjå det i filmar frå skrekklassikarar som Videodrome og Tvillingskjebner til dei nyaste Crash og eXistenZ. Ein kan i lys av dette forstå Cronenbergs interesse for McGraths portrett av eit forvridd mentalunivers, fortalt i fyrsteperson, men dette er ein stram og uvand nedtona film sett i høve til Cronenbergs tidlegare dvelingar ved organiske mutasjonar og inngrep.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen