Redaktør Braanen skriv følgjande i Klassekampens leiarartikkel 12. april 2003: «I den amerikanske uavhengighetserklæringen fra 1776 – ført i pennen av Thomas Jefferson – står det We hold these truths to be self-evident, that all men are created equal. Krigsmotstanderne representerer i dag denne store tradisjonen.»I 1776 skjedde det også andre ting på det territoriet som i dag er USA. I august vart til dømes fleire cherokeelandsbyar øydelagte av den amerikanske generalen Andrew Williamson, og i september vart cherokeeindianarane drivne mot Florida av soldatar under leiing av den same Williamson. To «små» hendingar i ei lang trakasseringshistorie før cherokeeindianarane møtte «die Endlösung» i 1838-39 på «the Trail of Tears» (Axelrod 1993: 143).Når det gjeld Thomas Jefferson, gav han indianarane valet mellom å bli utrydda frå jordas overflate eller fjerne seg «out of the Americans' way» (Stannard 1992: 120), og vidare i same stil meinte han (om indianarane) at regeringa måtte «pursue them to extermination, or drive them to new seats beyond our reach» (Stannard 1992: 240).Thomas Jefferson representerer dobbeltmoralens og hykleriets store tradisjon, der svulstige ord om fred, fridom, menneskerettar og demokrati går hand i hand med nådelaus og massiv vald mot dei menneska og samfunna som måtte stå i vegen for dei godene som makthavarane vil slå kloa i, om det no er land eller olje det dreier seg om. Dersom dagens krigsmotstandarar representerer same tradisjon som Thomas Jefferson, kan dei like gjerne la seg representere av George W. Bush, som heller ikkje er utan talent når det gjeld å ta fine ord i sin munn.