Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ytringsfridom under press

I avisa i dag trykkjer vi eit innlegg av litteraturprofessor Atle Kittang der han går skarpt til åtak på redaktøren av det faglitterære tidsskriftet Prosa, Halvor Fosli og hans publiseringspraksis. Kittang meiner at Fosli representerer ein generell forfallstendens. «[E]g tykkjer ikkje at vi berre skal tolerere eit mediesamfunn der ytringsfridom er overordna alt anna når det standpunktet er opportunt for redaktørar og journalistar, men som reine vekslepengar å rekne når det konkret blir sett på prøve som redaksjonelt prinsipp», skriv Kittang, delvis med grunnlag i personlege erfaringar. I Prosa nummer 1/03 let Fosli trykkje ein sterkt kritisk omtale av Kittangs bok Ibsens heroisme, signert Ane Farsethås. Kittang meiner at meldinga til Farsethås var bygt på sviktande kunnskap og manglande evne til å forstå kva boka dreidde seg om. Difor skreiv han eit tilsvar og sende det til Prosa. Fosli nekta å trykkje svaret og svarte Kittang slik i ein e-post: «Ofte har slike svar [?] så liten offentlig interesse at det gjerne kan sendes til kritikeren direkte, uten å ta veien om offentligheten.»

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen