* SV sin framgang i meiningsmålingane skuldast særleg to forhold: klar krigsmotstand og aukande truverde i forsvaret av velferdsstaten. Men det kunne lett ha gått gale. Bombinga av Jugoslavia, i strid med Folkeretten og utan vedtak i FN, starta natt til 24. mars 1999. Fleirtalet i SV si stortingsgruppe støtta krigen. Dersom landsmøtet i SV veka etterpå ikkje hadde tatt eit oppgjer med partileiinga om dette, hadde SV stått mykje svakare i dag. Oppryddinga våren 1999 styrka venstrefløya i partiet. Det la grunnlag for motstanden – også i partitoppen – mot krigen i Afghanistan etter 11. september 2001. Partileiinga sitt brot med SV sine politiske instinkt i krig/fred-spørsmålet i 1999, førte paradoksalt nok til eit fornying av desse instinkta slik dei vart artikulert historisk gjennom vekeavisa Orientering over SF til SV. Gjennom eit vedvarande, sosialdemokratisk forsvar for velferdsordningane (medan det offisielle sosialdemokratiet svikta oppgåva si) har SV henta ut ein vinst av ein radikalisme som ligg i veljarmassen, men som ikkje har fått følgjer for den parlamentariske politikken. Meiningsmålingar har lenge registrert at eit klart fleirtal av dei spurde vil ha ein sterkare velferdsstat enn det som kjem til uttrykk ved deira val av parti. Ja, eit fleirtal («folk flest») seier at dei til og med vil betale meir skatt for å sikre dei offentlege velferdsordningane. Fram til den siste framgangen for SV har «folk flest» derimot gått til høgre – særleg Frp – når dei vel parti, samstundes som dei ut frå sine grunnleggjande interesser burde ha gått til venstre. No ser vi eit betre samsvar mellom «folk flest» sine sosiale interesser og deira «partipreferansar». SV er jamstort med Ap. Dei to kan, om trenden held seg, skipe ein fleirtalsblokk i det neste Stortinget utan hjelp frå KrF eller Sp, viss Ap vil. Ei gryande forståing av samanhengen mellom krig/fred og kampen for velferdsstaten gjer seg gjeldande mellom veljarane: Krigspolitikken ikkje berre uholar det økonomiske grunnlaget for velferda, då veksten i militærbudsjettet nødvendigvis fører til reduksjon i velferdsbudsjettet om ikkje skattane skal auke. Krigspolitikken med all si retoriske oppøsing kring «verdiar» i den patriotiske, humanitære intervensjonar mot Fienden, definert av Nato-partia, svekker også merksemda for fellesinteressene i den sosiale røyndomen. Men ei sterk fredsrørsle kan motvirke nettopp dette. Fredsrørsla og kamp for velferdsstaten blir to sider av same sak. Kva får dette å seie for forsvars- og utanrikspolitikken? Venstresida har no både ei plikt og eit særs godt høve til å fornye den utanrikspolitiske debatten. Samanhengen mellom innan- og utanrikspolitikk, mellom velferdsstat og tryggingspolitikk, var den norske venstresida sitt credo, etter at Ap/Høgre styrte landet inn i Nato i 1949. Gode velferdsordningar skapar tryggleik og minkar den massepsykologiske grobotnen for politisk aggresjon. Stadig fleire i heile Europa byrjar forstå at krigspolitikken ikkje berre er i strid med FN og Folkeretten, men med deira eige behov for sosial tryggleik som rammeverk for individuell fridom og personleg utvikling. Når arbeidsløysa aukar og kjøret mot dei offentlege velferdsordningane blir hardare, blir det di viktigare å få fram denne motseiinga i den politiske kampen. Det betyr at diskusjonen om ein ny tryggingspolitikk må knytast til ein diskusjon om velferdspolitikken samstundes. Og det må få konsekvensar for kva vilkår som skal ligge til grunn for eit samarbeid mellom SV og AP.