Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tull og tøys med Onkel politi

Kopps (Sverige, 2003)Regi: Josef Fares Manus: Josef Fares, Mikael Håfström og Vasa Foto: Aril Wretblad Musikk: Daniel Lemma og Bengt Nilsson Med: Fares Fares, Torkel Petersson, Göran Ragnerstam, Sissela Kyle, Eva Röse, Christian Fiedler, Erik Ahrnbom m.fl. 1 t. 30 min. I Hollywood-filmar kan ein innimellom biljakter, skytedrama, pågriping av farlege kriminelle og utagerande personmotseiingar mellom detektivar, sjå at politiet elles fyller arbeidsdagen med å eta amerikanske smultringar og drikka kaffi. I den vesle småbyen Josef Fares skildrar, er politioppgåvene reduserte til berre å omfatta desse «pauseinnslaga», jamvel om smultringane her er bytta ut med «korv» og vaflar. Det finst ikkje andre brotsverk enn gamle damer som juksar i pokerspel, eller annan dramatikk enn kyr som har rømt innhegninga si, og jamvel om slikt og alt anna arbeid blir tatt med parodisk alvor, er polititenestemennene dei mest rørande vener du kan tenkja deg.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?