Du kan bla til neste sideBla med piltastene

340 står utan ambulanse

Det har vekt lokalt raseri at ambulansetenesta i Indre Laksefjord er lagd ned. Etter nedlegginga 1. februar har det alt hendt fire gongar at akutt-tilfelle har blitt sende i taxi til Hammerfest sykehus. Køyreturen er på mellom 23 og 28 mil, avhengig av kor i Laksefjord ein startar frå. Det lokale raseriet blir ikkje mindre av eit brev frå Statens Helsetilsyn der det blir sagt at når befolkningsgrunnlaget er så lite, vil «nytteeffekten i forbindelse med overlevelse og redusert helsetap ved akutt sykdom eller skade være begrenset».Feil grunnlag? Er eit menneskeliv her i fjorden ikkje er verd noko, er vi berre søppel for det rike Noreg?, spør aksjonsleiar Siw-Karin Johansen, som alt sist haust tok initiativ til ein underskriftskampanje da ho fekk kjennskap til at det var planar om å leggja ned ambulansetenesta på Kunes. Ho er svært forundra over tal og faktaopplysningar Helse Finnmark har lagt fram. Helse Finnmark har opplyst at det bur 210 personar i det aktuelle området, medan det faktiske talet er 343.

– Og korleis dei kan tru at vi kan få ambulanse frå Mehamn/Kjøllefjord i løpet av 50 til 70 minutt, skjønnar eg ikkje, seier Johansen. Vegen frå Meham/Kjøllefjord er til tider stengd om vinteren, og ofte er det kolonnekøyring. Ifølgje ambulanseplanen for Finnmark skal ambulansen vera på plass i løpet av 60 minutt. Johansen forsikrar at Folkeaksjonen for ambulansetenesta i Indre Laksefjord ikkje vil bli nedlagd før ambulansetenesta er på plass igjen.

Fylkeslegen i tvil

Fylkeslege Eystein Straume, som i utgangspunktet uttalte at det ikkje ville vera uforsvarleg å fjerna ambulansetenesta frå Kunes/Lebesby, har vore på folkemøte og møtt hard kritikk for denne vurderinga.

– Saka kom skeivt ut, eg har stor forståing for den uroa folk i desse bygdene no opplever og det engasjementet dei viser. Det er ikkje slik vi vil at helsetenesta skal vera, seier fylkeslege Straume til Klassekampen.

– Må det komma eit dødsfall før Indre Laksefjord får tilbake den ambulansetenesta som trengst?

– Eg håpar ikkje det, seier fylkeslegen.– UforsvarlegLege Torben Wisborg, ansvarleg for ambulansetenesta i Helse Finnmark, er samd med folkeaksjonen i Indre Laksefjord i at det er uforsvarleg å leggja ned ambulansetenesta, og han har tru på at det skal vera mogeleg å få gjenoppretta eit nokolunde tilsvarande tilbod.– Det beste vil vera å få tilsett på nytt dei to kvalifiserte ambulansearbeidarane som har hatt jobben tidlegare og gjenoppretta eit akuttmedisinsk tilbod, seier Wisborg.For å betra kvaliteten på ambulansetenesta blir det satsa på tomannsbetente ambulansebilar, som også blir ei dyrare ordning.– Det beste må ikkje bli det godes fiende, seier Wisborg. Han ser problemet med å ha full dekning med tomanns-ambulansar i område med få innbyggjarar, og legg vekt på at det må vera rom for å improvisera for å få ordningar folk kjenner seg tent med.Kommunen har anka avgjerda frå Helse Finnmark om nedlegging av ambulansetenesta inn for Helsedepartementet, som har slått fast at det er Helse Finnmark som har ansvar for ambulansetenesta i regionen.Dei to som hadde jobben sin i ambulansetenesta i Indre Laksefjord, er ambulansearbeidarar med fagbrev, og har no gått arbeidsledige sia 1. februar.Ifølgje Helse Finnmark skulle nedlegginga av ambulansetenesta gi ei innsparing på 700.000 kroner i året.

Magnhild Folkvord