Svar til Bente Volder
Sidan Volder bemerkar eg ikkje tek opp spørsmålet om overskuddet i PDVSA viar eg her mykje plass til PDVSA, eit selskap som i Houston Chronicle blir beteikna som «one of the best-run national oil companies in the world» (dei er nr. 2, etter Exxon).Olje- og energiministeren seier at oljefatet i Venezuela kostar 15 amerikanske dollar på grunn av byråkratiet i selskapet. Men han tek med i reknestykket royalties til den venezuelanske stat: 7,15 dollar – medan dei administrative kostnadane regjeringa klagar seg over er 1,2 dollar per fat. Halvparten av produksjonskostnadene går dermed direkte til regjeringa. Om ein reknar ein oljepris på 25 dollar, og at 20 prosent av overskotet går til regjeringa, får dei altså 9,15 dollar (cirka 35 prosen). Chávezregjeringa kutta oljeproduksjonen, oljeprisen steig, og oljeinntektene auka; men i PDVSA ligg mange installasjonar utan å bli brukt og som like fullt treng vedlikehald og betyr utgifter. PDVSA kjøper olje i utlandet til marknadspris, for å møte sine kompromiss i utlandet, for Venezuelas egen produksjonskvote er lågare enn den dei treng. I tillegg kjem sosiale arbeid dette selskapet har stått for i mange år, og at dei subsidierar bensinprisen i Venezuela, eit tap på to milliardar dollar. Dette er tal regjeringa ikkje offentleggjer og eit eksempel på korleis dei bevisst manipulerar informasjon, til eigne formål. PDVSA har 40.000 arbeidarar – minst 75 prosent av dei er i streik. Dei eg kjenner, er med på streiken av eiga frie vilje, og med jobben sin som innsats, i mange tilfelle eit heilt liv. 30.000 mennesker streikar ikkje fordi dei er redde for at staten tek over eit statseigd selskap! 2000-3000 av dei er sparka, via pressa, av president Chávez. Det kan difor verken snakkast om lockout i dette selskapet; eller at det berre er «dei høgt betalte» som streikar, slik regjeringa vil ha oss til å tru. Eg inviterar Volder til å vise til kjeldene der det blir fastslått at Ortega, ein av Venezuelas mest overvaka menn, og PDVSA-leiinga har «enorme formuer i utlandet». Kjelder frå opposisjonen har navngitt regjeringsmedlem med store utenlandsformuer. Dette medan dei fattige blir oppfordra av Chávez til å «svelte og gå nakne for å forsvare revolusjonen». Ortega vart ellers vald med 57 prosent, mot cirka 15 prosent til nummer 2. CTV er ein uavhengig organisasjon der valmyndighetene (CNE) ikkje bestemmer noko i val, fordi det er mot CTV-statuttane. Handelsstanden her opnar – men stengjer mykje tidligare enn normalt. Dei einaste som har blitt truga, og vandaliserte her; er stengde butikkar. Volder skjønar ikkje korleis folk kan tru at det er Chávez' feil at det blir mangel på matvarer. Forklaringa er at kun det å godta val som ei løysing på problemet, kan stoppe streiken. Det nektar regjeringa. I staden har dei sørga for å få folkeavstemninga avlyst, noko som to millioner menneske har bedt om via ei underskriftskampanje der dei som var oppførte meir enn ein gong, vart strokne.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn