Sterk film om fangane på Falstad
– Eg voks opp fem minutt unna det som var Falstad leir og tok til å undrast over at eg aldri hadde høyrt noko om denne delen av krigshistoria, seier Frida Jørstad Krüger (29) når ho presenterer den 47 minutt lange dokumentarfilmen ho har laga om fangeleiren på Ekne i Nord-Trøndelag. Om lag 5000 norske og utanlandske fangar vart haldne i denne leiren av tyskarane for kortare eller lengre tid, og nær 250 russiske, serbiske og norske fangar vart avretta i Falstadskogen i løpet av krigsåra 1940-45.I filmen møter vi sju av dei som kom levande frå fangeleiropphaldet, blant dei serbiske Petar Krasulja. Krüger har funne fram til folk som evnar å fortelja både engasjert og sakleg om kva dei opplevde, både om det helvetet fangeleiren var, der det knapt fanst grenser for infame torturmetodar, og om meir småpussige minne frå dagleglivet i leiren.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent