Ål i foss
I riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 delte representantane seg i to flokkar: Ein som sa ja til å gå saman med Sverige, og ein som heldt på sjølvstendet. Brukseigar Jacob Aall var i fyrstninga mellom dei som heldt på sjølvstendet, men gjekk så over til unionspartiet. I eit innlegg han heldt, vart det smått i senn klårt at han hadde skifta side. Theis Lundegaard, bonde og jekteskippar frå Lyngdal, merka tidleg i innlegget til Aall at eit partiskifte var på gang. Då reiste han seg halvt opp og sa: «Dar smatt ålen i fossen!» No ser det ut til at det smett ålar i fleire fossar. I tilhøvet til EU «signaliserer» enkelte av dei som har ein slags posisjon, at dei vil vurdere standpunktet sitt eller at dei no er overtydde om at medlemskap i EU ikkje er til å kome utanom. Og meiningsmålingane syner ei «Aallsk vandring» mot standpunkt for EU. Dei fleste let seg skremme av brotsjøar i næringslivet utan å sjå eller røkje etter kva krefter det er som driv fram desse bylgjene.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent