Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den mediekonstruerte berg og dalbane

I Klassekampen den 17. desember rettar Knut Olav Åmås kritikk mot mine kritiske merknader til Peder Ankers artikkel om Arne Næss i siste nummer av Samtiden. Som redaktør av tidsskriftet understrekar han at «Ankers artikkel er ikkje ein vitskapleg artikkel skriven for fagfilosofiske kollegaer. Artikkelen til Anker skal belyse posisjonen til Næss for eit vidare publikum», og han ber meg «respektere sjangeren».I innlegget mitt i Klassekampen etterlyste eg nettopp ei avklaring av dette slaget: Er artikkelen meint å skulle vere eit vitskapleg bidrag for dei som kjenner Næss og debatten rundt han, eller er artikkelen meint å skulle vere eit medieoppslag for dei utan slik kjennskap? Det er greitt å få ei avklaring. Men den burde ha vore framført uttrykkeleg ved lanseringa av artikkelen i tidsskriftet, og ikkje komme som eit tilsvar i ei avis i etterkant.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?