15. november skreiv eg, inspirert av Thorbjørn Jagland, at antiintellektualismen er eit problem. Eg fekk med at «eg har observert noko av den mest iherdige antiintellektualismen hos folk som tykkjer dei er del av den typen venstreside som identifiserer seg sterkt med Marx (pluss Mao og eit par til). Latterleggjeringa av studentar, dyrkinga av 'sånt som arrbæisfolk forstår seg på' er sjeldan sterkare enn der». Morten Falck reagerer med eit innlegg (9. desember). Han hevdar «Marsdals ekle apespråk» kjem med «vemmelige insinuasjoner» og spør om eg ikkje har ein «ganske uredelig» debattstil. Konklusjonen er at om ikkje lesarane får litt meir klartekst her, «blir hele kommentaren hans bare brønnpissing». Det er klart det kan bli litt kortfatta, når vi har 3800 teikn å gå på, på side 2 av Klassekampen, utan at eg trur det er grunn for å ropa om vemmeleg apepiss i brønnen av den grunn. Men Falck skal få det han ber om. Eg trudde, heilt ærleg, at det var ukontroversielt å hevda at det finst antiintellektuelle straumdrag i ml-tradisjonen. Det var det altså ikkje. Mine observasjonar av iherdig antiintellektualisme skriv seg i stor grad frå Raud Ungdom (RU) på 1990-talet, fram til rundt 1997. Delar av det AKP-dominerte Oslo Raud Ungdom var på denne tida iherdig fiksert på banking av nazistar, macho framferd (språk, klede etc), militærpolitikk, marxistisk frasologi («prolletariatets dikktatur») og forakt for «studdenter». Kritikken av denne antiintellektualismen var utbreidd i store delar av Raud Ungdom på den tida. Landsmøtet i 1996 vedtok så og si at det var eit problem at organisasjonen var antiintellektuell, til store protestar frå avtroppande leiar Jorun Folkvord. Eg trur ikkje det kan vera tvil om at vi i Raud Ungdom på denne tida hadde eit AKP-dominert miljø der «intellektuell» og «student» var negative ord og antiintellektualisme den rådande haldninga (kombinert med ein god porsjon marxete skolastikk). Det er denne opplevinga eg fyrst og fremst refererte til 15. november. Den opplevde antiintellektualismen kan vera tilfeldig, og eit unntak frå all den fordomsfrie og søkjande intellektuelle verksemda AKP elles har stått for. Sjølv trur eg det er meir komplisert. Hangen til å bruka stempel som «intellektuell» negativt mot folk som kritiserte AKP-leiinga oppstod ikkje på 1990-talet.