Ingen endring i presseetikk
Styret i Norsk Presseforbund behandlet i går krav om likestillingsperspektiv på pressens etiske veileder, Vær Varsom-plakaten.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
Privatiseringa i Storbritannia når nye høgder. Gjennom Private Finance Initiative (PFI), ein kontroversiell ordning der private overtek kapitalkrevjande prosjekt som tidlegare var finansiert av det offentlege, vert stendig fleire tenester lagt ut på anbod, tenestar som skular eller sjukehus. Ordninga vart innført av dei konservative, men er adoptert og utvida av Labour. Gjer dårlegare jobbLeiar Mary Turner og generalsekretær Mick Graham frå General Municipal and Boilermakers Union (GMB) skal vitje Globaliseringskonferansen 2002 for å snakke om følgjene av privatiseringa. Turner seier at grunnen til at dei private vinn fram, er at dei kan tilby tenestane billegare enn det offentlege. Men tilbodet er ikkje til å stole på:? Viss det er nokonting som ikkje står i kontrakten, så tek dei pengar for det. Ho fortel om eit privat sjukehus som tek fem pund for å leige ut ein vase til å ha blomane til dei sjuke i. Å ha vasar står ikkje i kontrakta til sjukehuset, så det kan dei ta ekstra pengar for.– Det er dette som gjer kontrakten billegare. Dei private gjer ikkje den same jobben, seier ho.Besett av privat sektorForholdet til Labour, som tradisjonelt har særs tette kontaktar med fagrørsla, er ikkje bra? Det er veldig spent. Når det gjeld offentleg sektor, har dei totalt svikta, seier Graham. At Labour faktisk vart vald, var ein fantastisk siger, meiner han. I valkampen lova dei å mellom anna å fastsetje ei minimumsløn, styrke arbeidarane sine rettar og skaffa titusener av jobbar.
Allerede abonnent? Logg inn