– 1989 var litt av eit jordskjelv. Don Mitchell (40) tenkjer tilbake på tiåret som endra alt. Det var i 1989 Muren fall. Det var i 1989 Donald Mitchell gifta seg. Og det var i 1989 han møtte Karl Marx. Kapitalen, fyrste bok.
– It was a blast! Fyrste bok av Kapitalen er stor litteratur, smiler ein entusiastisk professor i samfunnsgeografi. Den amerikanske staten har sponsa eit halvt års tur til Noreg, for å undervisa ved Universitetet i Oslo. Takk og takk, sa Donald, og reiste over dammen for å spreia marxistisk smitte i The Land of the Fjords. Så er dei kvitt han for ei stund. Men Syracuse University i staten New York vil nok ha Mitchell tilbake. Etter at professoren mottok ein prestisjetung pris verdt 250.000 dollar over fem år, kastar namnet hans glans over institusjonen. Dei let han til og med ha eit foto på heimesida med gamle Karl på veggen i bakgrunnen.
– Eg var i Skottland då denne prisen plutseleg kom, så lokalavisene fekk ikkje tak i meg. Dei måtte bruka biletet frå heimesida. På telefonsvararen låg ein bråte meldingar, inkludert frå presseavdelinga ved universitetet, ein fyr som sa «du trur vel ikkje på dei der marxisme-greiene?» Sjølvsagt gjer eg det, ler Mitchell.
Så veldig sjølvsagt er det vel ikkje. Med upper middle class background, som det heiter i det klasselause samfunnet USA, nær Berkeley i California, der far var professor innan naturvitskap, var det ikkje sjølvsagt å bli marxist. Tvert imot, det finst gode grunnar til å halda seg unna radikalisme i The Land of the Free.
Utreinskingane
1920-talet: Den sentrale hendinga er the Palmer raids. I kjølvatnet av den russiske revolusjonen var det i praksis forbode å ytra seg mot statsmakta i USA. Ei større streikebølgje tok til i 1919. Ei bombe gjekk av framfor huset til justisminister A. Mitchell Palmer, som i teksten The Case Against the Reds meldte at «den revolusjonære hetens tunger slikker kirkenes altere», «kryper inn i de hellige hjørner av amerikanske hjem» og «brenner opp samfunnets fundament». Alle utanlandske kommunistar og raude vart deportert, amerikanske borgarar på venstre kant vart pressa til å flytta frå landet, fortel Mitchell. Mange vart fengsla.
1950-talet: Dei fyrste lovene som gjer det straffbart å vera kommunist i USA skriv seg frå 40-åra. Den viktigaste, Taft/Hartley-lova, vart innført i 1947 på trass av veto frå president Truman, som kalla teksten «ei slavearbeid-lov». Det vart forbode for fagforeiningar å ha kommunistar som medlem. Det vart ulovleg for kommunistar å vera leiar for fagforeiningar.
– I praksis gjekk dette ut over langt fleire enn partimedlemmar, det kunne gå ut over alle som var i nærleiken av nokon organisasjon på nokon måte assosiert med kommunistar, fortel Mitchell. Så kjem senator Joseph McCarthy på banen. USA går inn i dei store utreinskingane.
– Alle måtte skriva under lojalitetserklæringar om at dei ikkje var med i kommunistpartiet og ville vera lojale til staten USA. Dette gjaldt søppelmenn i kommunen like vel som professorane i alle universiteta, seier Mitchell. Du kunne bli kalla inn til høyring. Under ed måtte du svara på om «du er eller nokon gong har vore medlem av kommunistpartiet».
– Akademikarar som nekta å signera sin lojalitet til staten vart sparka. Det vart du også om du laug under ed.
Tenk at du hadde vore med i kommunistpartiet på 30-talet, men ikkje var det lenger. Du blir kalla inn av McCarthy. Under ed svarar du at ja, du har vore medlem og nei, det er du ikkje lenger. Neste spørsmål: «Veit du om andre som er eller har vore med? Har nokre av desse folka vore med –?»
– Slik ville dei ha folk til å fungera som tystarar. Hugs, dette var under ed, så om du ikkje svarte sant kunne det bli fengsel, og ved mange universitet kunne ein professor mista jobben for noko slikt, seier Mitchell. Og han understrekar at antikommunismen ikkje var noko dei reaksjonære fekk ha for seg sjølve. Også dei liberale, mindre høgreorienterte, tok opp kampen mot Det onde.
– Dei liberale, intellektuelle organisasjonane var stort sett eksplisitt antikommunistiske, og det mangla ikkje på statsstøtte til dei heller. Dermed finst det ein sterk intellektuell tradisjon for antikommunisme i USA, fortel professoren.
Vakum
– Cointelpro var vellukka i og med at FBI klarte å øydeleggja mykje på den organiserte venstresida. Men dei klarte ikkje å halda tilbake det progressive stemningsskiftet, krigsmotstanden og så vidare, meiner Mitchell.
Fyste halvdelen av 1970-åra er som 60-talet. Deretter vakuum. Det er uklart kvar venstresida går, kva side som vil styrkja seg. 11. september 1973 tek det fyrste nyliberale eksperimentet til ved kuppet i Chile. I 1974 får erkeliberalisten Friederich A. Hayek nobelprisen i økonomi. I 1980 blir Reagan vald til USAs president. Høgresida går fram på alle frontar.
– Gjennom åtti- og nittitalet har undertrykkinga av marxistar og venstresida i hovudsak vore ideologisk. Det har ikkje skjedd så enormt mykje på gatene som politiet kunne slå ned, samanlikna med tidlegare, seier Mitchell.
Postmodernismens æra
– Vi er nok ikkje heilt representative, men på vårt felt vann marxistane den intellektuelle striden gjennom 1980-åra, og marxistiske problemstillingar pregar framleis debattane sterkt, seier mannen som har lese seg lengre og lengre inn i skriftene til gamle Marx sidan openbaringa i 1989. Og han kallar det intellektuelle straumdraget han er del av «fundamentalistisk marxistisk».
– Dette er i tydinga at vi studerer Marx heller enn såkalla marxisme. Og så er det ganske mykje såkalla post-marxisme som etter mitt syn gjev slepp på dei viktigaste innsiktene.
Då høgresida sigra godt og grundig rundt 1980, trakk venstrefolk seg tilbake i ulike retningar. Nokre engasjerte seg sterkt i lokalt arbeid med miljøsaker, heimlause og så vidare, folk av Mitchells type trakk seg attende til universiteta. Nokre av dei radikale akademikarane trakk seg så langt tilbake at dei kom ut på andre sida. Dette er postmodernismens æra.
– Då postmodernistisk teori dekonstruerte kategoriar på alle kantar og fann ut at det finst ein masse motstand i forbruk og i å sjå på tv og i «identitet» og så vidare, var det som eit stort, letta sukk gjekk gjennom store delar av det intellektuelle USA. No kunne dei vera radikale utan å gå til dei radikale, farlege spørsmåla om klasse og kapitalisme, seier Mitchell.
– Men problemet er større. Postmodernismen kan også fungera som støtte for nyliberalismen, ved at den fjernar kategoriar som er naudsynte for eit politisk og intellektuelt motstandsarbeid, slik som «klasse». Dette skjer altså under dekke av radikalisme, og i lag med den nyliberale offensiven, dreiv det venstresida ganske langt tilbake, legg han til.
Så kom desember 1999. Seattle!
Skjer ting nedanfrå
Donald Mitchell vil snu. Han vil snu prosessen av retrett og aukande avstand som har ført venstreaktivistar og venstreakademikarar så langt unna kvarandre dei siste to tiåra at dei ved tusenårsskiftet knapt tala same språk. Han vil gjera forskinga og den intellektuelle produksjonen relevant for rørslene. Han trur det er produsert innsikt, teori og forklaringar i store mengder, som ligg og ventar på å bli tekne i bruk på eit meir jordnært nivå, meir politisk.
– Og det skjer ting nedanfrå. Ein ting er denne antikapitalistiske globaliseringsrørsla i alt sitt mangfald. Men vi har også sterke rørsler som Janitors for Justice, som slåst mot at utskiljinga av alle moglege reinhalds- og vedlikehaldsfunksjonar i privat og offentleg sektor skal føra til harde lønnsreduksjonar, fortel Mitchell. Han nemner også kampanjane for Ei lønn å leva av. Kommunar skal ikkje gje kontraktar til selskap som betaler mindre enn det som er kalkulert å vera «a living wage» i det aktuelle området, er kravet.
– Radikale akademikarar kan bidra både med forsking for dei konkrete organisasjonane, men også ved den generelle intellektuelle produksjonen av teori og ideologi som støttar opp om progressive kampar.
– Midt oppe i all denne intellektuelle produksjonen og marxistisk debatt, snakkar de om alternativ? Om sosialisme, for eksempel?
– Ikkje nok. Det skjer. Men alle er redde for slikt snakk.
– Redde?
– Redde for historia, den mislukka statssosialismen. Redde for å gå inn for ein utopi som blir ein dystopi. Og så er jo jobben som akademikar i stor grad å granska og kritisera –
– Men vi svarer ofte at vårt alternativ til kapitalismen må vera demokrati. Og av og til er vi modige nok til å seia at om du i det heile skal tenkja på verkeleg demokrati, er det fyrste som må skje at kollektivet tek over økonomien, produksjonsmidla. Så langt er vi vel komne. Men så er det altså spørsmålet om korleis
– Det burde vi få diskutert ein gong, smiler Don Mitchell.
Magnus Engen Marsdal