Lettvint stempling
Ifølgje Tor Bach er Klassekampen-kronikken «Kven drap Jesus ein antisemittisk tekst. Jødedomen står nemleg i ei særstilling i Vesten – det er ein religion der viktige historiske drag ikkje skal fram i offentleg lys. Dette er etter mitt syn meiningslaust. Redeleg og sannferdig kritikk må vera tillate, også når det gjeld jødedom. Til sjuande og sist er det kjeldene som må avgjera kva ein kan seia – ikkje Tor Bach sine meir eller mindre tilfellelege (og langt på veg ugrunna) vurderingar av kva han synest er «antisemittisme».Ansvarstilhøva kring avrettinga av Jeshua frå Nazaret for 2000 år sidan er ikkje så vanskeleg som mange vil ha det til. Her er kjeldesituasjonen oversiktleg, og alle som vil kan kontrollera sjølve om dei hentar ut den store, svarte boka frå bokhylla. Evangelia er åleine som kjelder frå samtida, og hendinga er skildra i Markus 14 og 15 med parallellstader i Matteus og Lukas, og likeeins i Johannes 18. Ofte vil det vera tolkingsproblem når ein les nytestamentet. Men i dette tilfellet vil eg hevda at mi tolking: At rådet er ansvarleg, og Pilatus medansvarleg, er einaste moglege konklusjonen ut frå dei kjeldene vi har. Diskusjonen om tilhøvet mellom romersk overherre og jødisk råd er ei avsporing: Det særeigne med Jeshua-rørsla var jo at ho ikkje var retta mot romarane, men mot teokratiet. Som Jeshua seier: «Mitt rike er ikkje av denne verda». Alle provokasjonane til Jeshua var også retta mot teokratiet: Reinsinga av tempelet, frikjenninga av kvinna som var gripe i ekteskapsbrot, talane mot dei skriftlærde og fariserarane.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent