Med utgangspunkt i saka til Bjørn Standal, som fekk avskil frå Color Line, og til no ikkje har fått støtte frå sitt eige fagforbund, Norsk Sjømannsforbund (NMS), har fagorganiserte i andre forbund og medlemmer av NMS gått saman om å etablera stiftinga «Tverrfaglig samhold» for å kunna gi både økonomisk og moralsk støtte til arbeidstakarar som treng det. Ragnar Leine, som sjølv har erfaring med å bli usakleg oppsagd, er vald som styreleiar i stiftinga. Britt Bergsund, medlem av Hotell og Restaurant, og Christian Aarsten, medlem av NMS, er styremedlemmer? I første omgang konsentrerer vi oss om å samla støtte til Bjørn Standal og den rettssaka han må føra mot Color Line, seier Leine til Klassekampen. Han legg ikkje skjul på at han er svært forundra over måten NMS og forbundsleiar Erik Bratvold har handtert denne saka på.