Den mørke sida av krafta

Klonene angriper er tittelen på den nest siste av Star Wars-filmane som har verdspremiere i Oslo i dag. For dei som i ung alder såg dei fyrste tre filmane, laga frå 1977 til 1983, er det Star Wars anno 2000-talet som er dei kunstige «klonane».«Før og etter Star Wars» er ikkje berre uttrykk for eit skilje i filmteknologi: overgangen til den moderne spesialeffektsfilmen. For publikum over heile verda uttrykker det også meir enn vasskiljet då den amerikanske filmindustrien på nytt festa grepet om kinoverda, punktet då dei globale marknadsføringskampanjene og salsstrategane tok styringa over filmen, då «romertalfilmane» byrja å dominera Hollywood-tenkjinga, då video og fjernsynsdistribusjon, leikety, spel, snacks, klede – og alle tenkjelege og utenkjelege produkt – vart viktigare for produsentane enn filmen. Star Wars-konseptet er ynskedraumen for dei store underhaldningskonglomerata, der leiketysdesignarane kan få eit ord med i laget om figurane i filmen.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen