Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Riksen i økonomisk krise

I februar skreiv Klassekampen at sjukehusreforma var i ferd med å bli eit økonomisk mareritt for sjukehus landet over. Til saman hadde dei fem helseføretaka i Noreg ei underdekking på over to milliardar kroner. Helse Øst manglar alt 550 millionar kroner for å gå i balanse i 2002. No får Rikshospitalet merka dei stramme rammene. Det blir anslått at det må gjerast investeringar for 251 millionar ved sjukehuset om ein skal halda oppe ei forsvarleg pasientbehandling, skriv Norsk Kommuneforbunds blad Arena i si nyaste utgåve. Frå Helse Øst er Rikshospitalet berre tildelt ei investeringsramme på 42,5 millionar kroner. Administrasjonen ved Rikshospitalet ordlegg seg svært skarpt: Ei konsekvent gjennomføring av investeringsbudsjettet «kan sette deler av sykehusets pasientbehandling i en helt kritisk situasjon», skriv dei i eit brev til styret i februar.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen