Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Esthers dilemma

Esther Pirelli/Esben Benestad er i ferd med å bli kjønnskjendis. Ho-han er hylla som vår fremste transseksuelle kjønnsrollesprengjar, og saman med kona Elsa Almås er Benestad òg mellom dei mest kjende sexologane i Noreg. I filmen Alt om min far, og i tallause debattprogram i etterkant, har me sett Pirelli Benestad med og utan makker bere fram ynske om å overskride kjønnskategoriane, om å bryte ned kjønnsdikotomien mann-kvinne og å framskaffe endå fleire kjønn enn dei to me opererer med i dag. I fjor gav dei to ut boka Kjønn i bevegelse, der dei fortel om ei verd «bestående av mennesker utstyrte med kjønn som er forskjellig fra den alminnelige oppfatningen av hva kjønn er, eller skal være». Kjønn i bevegelse inneheld såleis fleire møte med transseksuelle og transvestittar som ifylgje forfattarane representerer overskriding av kjønnsroller. Eit døme er «Arne». Han fortel: «Jeg vet jeg har en kvinne inni meg som jeg av og til må hente frem – Jeg elsker de myke stoffene, jeg liker å forme kroppen min med korsetter. Det er fabelaktig spennende å sminke ansiktet og få på kjole, sko og parykk». Og Almås og Benestad forklårar: «For Arne er det trangen etter å hente frem det kvinnelige som er drivkraften».Eit anna døme er «Ivar», som tykkjer det er fint med «lekre damestrømper og sexy kvinneundertøy», og som slett ikkje likar «de grove materialene som anses som maskuline». Medan «Mona» tek ut mannen i seg ved å klatre i fjell og spele fotball. Og frå avisreportasjar og tv-program hugsar eg aller best den Esther Pirelli som veltar seg i mascara og herleg underty og som absolutt må kjøpe designarkjolane sine i Bygdøy Allé. Overskridande? Slett ikkje, seier forskaren Jeanette Sky i siste nummer av Prosa. Ho har gått igjennom fleire av kjønnsbøkene frå i fjor, og finn mykje nedslåande lesnad. Fleirtalet av utgjevingane kjem med hard kritikk av den herskande heteronorma utan å stille spørsmålsteikn ved hierarkiet i denne norma, hevdar ho – «det iøynefallende problemet er jo tross alt ikke kategoriene mann og kvinne eller gutt og pike i seg selv, men snarere det vi fyller disse kategoriene med».Det er då heller ikkje vanskeleg å sjå at Almås og Benestad har skrive ei bok der kjønnsstereotypar vert reproduserte og sementerte. «Arne» og «Ivar» lengtar etter å hente fram det kvinnelege i seg , men så lenge dette kvinnelege er fylt med «korsetter» og «damestrømper», framstår det så tradisjonelt og gamalvore at det i beste fall er komisk, i verste fall undertrykkjande. For dagens jenter verkar det òg meir enn oppsiktsvekkjande at «Mona» får ut mannen i seg på fotballbana eller i klatreveggen, som om desse handlingane var avgrensa til ei mannleg verd. Jeanette Sky oppsummerer: «Det synes som om forfatterne er så låst i en tradisjonell kjønnsforståelse at nettopp kryssingen og blandingen av de tradisjonelle rollene synes befriende. Det de dermed ikke ser, er at bevegelsen samtidig opprettholder enkelte stereotyper som både baserer seg på og virker undertrykkende».Esthers dilemma er for så vidt ikkje eit nytt problem. Ho leitar etter «det kvinnelege», og endar opp med det som faktisk kan gripast, det som tradisjonen og ei lang historie har gjeve oss: Kvinna er den passive som pyntar seg til merksemd og eksistens, kvinna er engasjert i dei små og nære ting. I det same dilemmaet hamnar Bjørgulv Braanen når han i Dag og Tid nr. 15 vert spurt om korleis Klassekampen skal bli meir kvinnevenleg. Han svarar «sex- og samlivsspalte». Men spørsmålet er altså feil stilt. Me bør leite etter feminisme, ikkje etter den umoglege storleiken «det kvinnelege».

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen