Rasar mot ståltoll
Vedtaket til president George W. Bush om å innføra opp til 30 prosent importtoll på stål kan skapa handelskrig over Atlanteren. Både Storbritannias statsminister Tony Blair og hans tyske kollega Gerhard Schröder har sendt brev for å åtvara Bush personleg mot å innføra tollbarrierane, utan hell. Dei nye satsane, som varierer frå 8 til 30 prosent, skal verka frå 20. mars, og Washington irriterer denne gongen både EU, Russland, Japan, Sør-Korea og Brasil. EU-kommisjonen kalla hastig inn til krisemøte for å vurdera sitt svar til USA. EU vil føra saka inn for Verdas handelsorgansiasjon (WTO) og kallar tollvedtaket «eit klart brot på WTO-reglane». Unionen argumenterer med at WTO har eksplisitt forbod mot nye tollbarrierar, så lenge eit land ikkje har opplevd ein plutseleg importflom. USAs stålimport gjekk ned med over 20 prosent i fjor.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn