Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vaktbikkje

Dagens leder

* Å handheva likestillingslova i likestillingsparadiset Noreg er ikkje berre enkelt. Derfor er det mange som set pris på at vi har eit Likestillingsombod, sjølv om det av og til kan vera brysamt for dei som sit med makta. Ikkje alle synest vaktbikkjene er dei trivelegaste dyra. NRK Dagsrevyen sette laurdag eit kritisk søkjelys på Likestillings- og diskrimineringsombodet. Kritikken var knytt til saker der Likestillingsombodet ikkje har vunne fram med sine standpunkt, med spørsmålet om hijab i politiet og likelønnspotten i tariffoppgjeret som aktuelle eksempel. Dette vart brukt til å byggja opp under spørsmålet om Likestillingsombodet har nokon funksjon.