Sveip til neste sideBla med piltastene
Sakprosa

Ei eiga forteljing

I ein ofte moraliserande debatt om barn og lesing kan vi heller lytte til Maria Parr.

Leselyst: Kvar einaste barndom er like stor, skriv Maria Parr. Foto: Sara Sanderud, Samlaget

Maria Parr

Sjå, der går ein barndom. Om lesaren, litteraturen og det ­fortalde

Samlaget 2026, 121 sider

Maria Parr er kjent for moderne barnebok-klassikarar som «Oskar og eg», «Vaffelhjarte» og «Tonje Glimmerdal», men haustens bok er for vaksne. Det er ei tekstsamling av ti essay og talar ho har skrive gjennom åra som barnebokforfattar, der dei fleste tekstene handlar om korleis barn opplever lesing og fantasi. Kvar tekst har ein kort introduksjon, desse er til tider litt keisame. Tekstene er skrive til ulike høve, så personlege anekdotar om til dømes barsel og kor bestemora kjem frå, er ikkje alltid like tett kopla til barnebok- og leselystfokuset boka elles har.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen