Comeback o’clock
Sugababes
Sugababes
Sacred Three/Propeller
Ute 12. februar
Vent – kva gjer eit så dørgande kjedeleg bilde i coverspalta? Tre nokon-og-førtiåringar med litt for synleg botox og litt for insisterande posering, i ein bildekomposisjon som ikkje får rom til å puste? Vel, dette gjeld nyheita som alle seriøse 2000-tals popjenter tar imot med skrekkblanda fryd: britiske Sugababes gir ut album, 25 år etter debuten «One Touch». Plata gjorde trioen til noko så sjeldan som seriøst kritikarroste tenåringspopstjerner. The Independent meldte hardt: «Listen and weep, Spice Girls. This is the future».
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
