Ser bak medaljen: Mímir Kristjánsson (Raudt) er uroa for at mange på venstresida har det så godt at dei ikkje skjønar korleis andre har det. Foto: Tom Henning Bratlie
Nær éin av fem som får sosialhjelp frå Nav i dag, er i arbeid. Stadig fleire opplever at løna ikkje strekk til. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) var 31.000 sosialhjelpsmottakarar i jobb i 2025, mot 15.000 i 2008.