Folk i Finnmark må vente på trygda før dei har råd til å reise til sjukehus, seier Pasientfokus-leiar Irene Ojala. Ho krev at drivstoffavgiftene blir kutta.
PEIKER PÅ FINNMARK: Her er Irene Ojala fotografert på kontoret ho hadde på Stortinget i fire år. Ho stilte også til attval ved førre stortingsval, men då kom ho ikkje inn. No er ho i Finnmark, der ho tykkjer dieselen er dyr. Foto: Rikke Løe Hovdal
September byrja med eit pumpeprishopp på over fem kroner literen. Då dei mellombelse avgiftskutta vart avvikla tysdag, steig snittprisen på bensin til nær 26 kroner og diesel til nær 27 kroner, ifølgje Drivstoffappen.