Alle tiltak for leselyst blant gutar kan avblåsast! Denne veka kom det nemleg nyhende om at Boing-klubben startar opp igjen. Den populære fotballbok- og teikneserieklubben blei etablert i 1984, og i nesten to tiår lærte tallause fotballsparkande ungar seg å lese mellom kampane på løkka.
Frode Johansen Riopelle finn ikkje balansen mellom saksframstilling og truverdig romanhandling.
Ayne Kifle Assefa Aalen
Amerika: Ferda går mellom anna til Harlem i New York i Frode Johansen Riopelle sin roman. Foto: Kelly Schott, Flickr
Frode Johansen Riopelle
Over havet på en sky
Tiden 2026, 432 sider
Frode Johansen Riopelles nye roman handlar om Amerika, men tar utgangspunkt i eit norsk kjærastepar som blei saman på vidaregåande, og korleis dei veks frå kvarandre både i hjarte- og kilometerforstand. Han er blomehandlar i Hammerfest og gjer livet spennande ved å sjå for seg fjerne land og andre univers medan han vandrar i myr og hei. Ho er også frå Hammerfest, men etter studiar i Bergen og interrail-turar veit ho at kjensla som ho har hatt i magen heile livet, er rett: Eg er for stor for denne vesle plassen.